Hurrungane: Store Dyrhaugstinden (2147) og Store Soleibotntind (2083)

Fellestur

Fra dato
27. august kl. 17:00
Til dato
29. august kl. 20:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Fjellsportinteresserte
Arrangør
Voss Utferdslag

I år skal vi til det mest alpine området av Jotunheimen, og utsikten vi får frå desse to toppane er til å få bakoversveis av.

Vi reiser frå Voss fredag ettermiddag til Vassbakken kro og camping i Skjolden. Her skal vi bu desse 2 nettene.

På laurdag set vi kursen mot Turtagrø og Store Dyrhaugstinden. Dette er ein lang tur, og tidvis går vi mykje i ur. På ca 2000 m endrer terrenget seg, og området vert smalare og utsikten meir storslagen. Fyrst kjem vi til Nordre Dyrhaugstinden (2100). Mellom Nordre Dyrhaugstinden og Store Dyrhaugstinden er det ei smal egg, og her må ein klyve. Her er fleire luftige passasjar, men gode tak. Nokre vil kanskje vere nøgde med å nå Nordre Dyrhaugstinden. Det vert alternativ tur om vêret er dårleg.

Dette blir ein lang dag med mange kilometer i krevjande terreng i tillegg til ca 1400 høgdemeter. Heldigvis ventar ein god middag på oss på Vassbakken.

Neste dag skal vi på Store Soleibotntind. Dette er ein lett topp, og ein treng ikkje å klyve for å komme til topps. Ikkje er turen så lang heller, men vi skal opp 800 høgdemeter. Denne dagen skal vi kose oss oppover og nyte utsikten. Vi rekner 5-6 timer på denne turen. Etter endt tur set vi kursen heim.

Inkludert i turen er turleiing, overnatting i dobbeltrom, sengety og handkle, 2 frukostar, og middag på laurdag. Niste og noko varmt i termosen må ein betale sjølv direkte til Vassbakken. I tillegg kjem transport.

Turen til Store Dyrhaugstind er ein svært krevjande tur. Her er det viktig å vere i god form og ha gått ein del fjellturar tidlegare på sommaren. Vi kjem til å vere i bevegelse heile dagen, og vi vil nok bruke ein del tid mellom dei to toppane sidan vi er ei stor gruppe i luftig terreng.

Vi vil ta kontakt med deltakarane ca 10 dagar før turen.

Turleiar:
Bodil Atterås
Kjersti Vik

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Kjersti Vik
  • Bodil Atterås