Jonsstølen - Fjellsetedalen

Fellestur

Dato
16. mars kl. 10:00 - 16:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Arrangør
Voss Utferdslag

Skituren går frå Ospehaugen til Jonsstølen og vidare opp til Fjellsetevotni, lengd 14 km og samla stigning 350 h.meter.

Me køyrer i privatbilar til Ospehaugen, vidare går turen langs vegen forbi Furteset og Breiset til Jonsstølen.

Me reknar med å finna skuterspor me kan fylgja til Jonsstølen.  Er det fint og lett føre kan me gå vidare mot Fjellsetedalen.  Retur til bilane same vegen.

Det er litt stigning men ikkje dei bratte bakkane og farten vert tilpassa dei som er med.

Termosen, mat, sitteunderlag og ekstra kle må vera med i sekken.

 

Frammøte Amfi – Esso kl.10. Retur til kl.16.

Køyring i privatbilar. Dei som sit på betalar kr. 50,- til sjåfør. 

Turleiarar: Kristian Østrem 90528522 og Geir Henrik Styve (45664034)

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Kristian Østrem
  • Geir Henrik Styve