Hallingskeid - Rundavatnet

Fellestur

Dato
4. september kl. 09:00 - 18:00
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom, Seniorer
Arrangør
Voss Utferdslag

Me tek tog frå Voss 09:23 og kjem til Hallingskeid 10:18.

Frå stasjonen går me på T-merka sti mot Rembesdalen og kryssar fyrst Moldåni på ei kraftig bru som er luftig, men har diverre ikkje rekkverk. Vidare går me opp Buadalen, forbi Dyrahola og deretter Kvilinganutvatnet før me passerer Grotjusti og går ned i Austdalen.

I Austdalen forlet me stien til Rembesdalen og fyl ein gamal sti nedover Austdalen. Me stig opp når me nærmar oss Rundavatnet og kryssar elva frå Kvilinganutvatnet på ei god bru. Etter denne brua vert de ei ny stigning rundt høgde 1214.

Etter denne høgda kjem me til Floskefonndalen og kryssar elvene på 2 gode bruer før me går dei siste metrane på anleggsvegen til bussen som ventar.

Turen er ca 18 km ned ca 700 m samla stigning og er middels til krevjande.

Turleiarar:
Arne Røen: 47 41 76 40 Tryggve Soldal: 48 27 88 27

Kontaktinformasjon:

Turledere:

  • Arne Røen
  • Tryggve Soldal