Avlyst: Skitur til Tinden  og fullmånetur

Vêrmeldingane melder både nedbør og vind fyrstkomande sundag.
Vêrmeldingane melder både nedbør og vind fyrstkomande sundag. Foto: Kasper Hansen

I helga er det venta vind og potensielt store mengder snø og sludd i fjellet. Me avlyser derfor to turar sundag.

Turen til Tinden skulle gått no på sundag, 9. februar. På grunn av ein kombinasjonen av nedbør og ein god del vind, har turleiarane bestemt seg for å avlysa turen.

Same kveld skulle Fjellsport ha arrangert ein fullmånetur til området rundt Fennastølane. Også denne blir avlyst.

Me beklager dette, og håpar de blir med oss ut neste sundag! Då går me til Fennanuten.

Vêrmelding for Raudhovden, ein av moglege toppar for fullmåneturen sundag kveld.
Vêrmelding for Raudhovden, ein av moglege toppar for fullmåneturen sundag kveld.

Skrevet av Siri Flatlandsmo 7. februar 2020