Tilsynstur til Torvedalshytta

Foto: Oddvar Drevsjø

Helga 17. - 19. juni var det tilsynstur til Torvedalshytta, der blant anna brua i Kvitanosdalen vart lagt ut.

Turen gjekk frå Gullbrå til hyttene i vekslande vêr. Fossane brusa og vassføringa var høg.  På turen var det ei snøfonn som måtte kryssast. Framleis ein del snø i fjellet, men snøsmeltinga går fort no! 

Hyttene er no reingjort og står klare til å ta imot turglade gjester i sommar. Me håpar du tek turen!


Skrevet av Margrethe Alm 20. juni 2022