Dronningstien, 8. september 2019

PAUSE: Til saman tok 45 sprekingar turen til Dronningstien laurdag 8. september. Her tek dei seg ein pust i bakken på Duk (1100 moh).
PAUSE: Til saman tok 45 sprekingar turen til Dronningstien laurdag 8. september. Her tek dei seg ein pust i bakken på Duk (1100 moh). Foto: Reidun Tveito

Vêrmeldinga lova godt for ein tur på Dronningstien frå Kinsarvik til Lofthus 8.sept. 2019, og påmeldingane tikka inn jamt og trutt rett før fristen gjekk ut, og i tillegg kom det nokre etternølarar.

Det var flest vossingar, men og bergensarar og to som kom heilt frå Porsgrunn og Skien for å gå denne mykje omtala turen. Totalt vart me 45 inklusiv turleiarane.

Me køyrde privatbilar frå Voss kl. 08.30. Passasjerane vart sette av ved bompengekassa på veg til Røte medan sjåførane køyrde til Lofthus og parkerte bilane på kaia. Ullensvang taxi frakta sjåførane tilbake til Røte (200 moh)der alle starta i samla flokk, ca. kl. 10.20. Me gjekk på skogsveg 4,5 km oppover til Heng (750 moh) der den blåmerka Dronningstien starta. Underlaget var stort sett godt å gå på, men nokre blaute parti. Veret var strålande og utsikten fantastisk, så me tok oss god tid, la inn mange små pausar og tok mange bilete i tillegg til to lengre matpausar.

Stien gjekk fleire stader nær kanten av fjellet slik at ein kunne sjå ned mot Lofthus og Lutro og innover fjorden mot Odda. På andre sida av fjorden såg ein mot Folgefonna, Hauso, og Grimo. Me hadde og utsikt mot Hardangerbrua, Eidfjord og Husedalen.

Me passerte fleire små vatn og stoppa ved Duk (1100 moh) der det står ein stor steinvarde. Vidare gjekk med ein avstikkar til Rjukande der elva fossar forbi i ein smal kløft før ho kastar seg utfor fjellkanten. Så var me klar for nedstigninga, vekk frå Hardangervidda, forbi landemerket Nosi (905 moh) og ned Munketrappene (616 trinn) som vart laga av lokale munkar frå år 1210 – 1537. Til sist delte me gruppa, så nokon gjekk skogsvegen og resten gjekk den T-merka stien gjennom skogen og eplehagane ned til Lofthus.

Me gjekk i ca. 7 timar og var turen var ca 16 km lang.

Turdeltakarane var svært nøgde, og det var ingen problem undervegs.

Turleiarane Lars og Anne-Grete Haugen

På Dronningstien i solskin.
På Dronningstien i solskin. Foto: Reidun Tveito

Skrevet av Toril Hunnålvatn 11. september 2019