Turprogrammet for 2020 er ute!

Nytt år, nye moglegheiter, seier dei. I 2020 har me planlagt heile nitti aktivitetar du kan vera med på.

Velkomne inn i 2020 – berekraftsåret! 

I programmet du no er på veg til å opna, finn du starten på ein haug med friluftseventyr. Kanskje oppdagar du ein heilt ny favorittstad? 

2020 er berekraftsåret i Den Norske Turistforening. Tanken om at «det me er glade i, tek me vare på» står ekstra sterkt for oss i år. Voss Utferdslag vil legga til rette for at de skal få naturopplevingar for livet. Gjennom desse håpar me de òg vil kjenna på glede og stoltheit, men også ansvar, for naturen me omgjev oss med. Me håpar dette programmet kan visa deg veg ut på stien mot eit rikt liv, med enkle midlar. 

Mykje moro er alt planlagt, og meir er på veg. Følg oss gjerne på Facebook, Instagram og her på nettsida for rykande ferske oppdateringar. Om du har lyst å bli frivillig, har me alltid rom for nye krefter, så ikkje nøl med å ta kontakt. 

Voss Utferdslag ynskjer alle eit fantastisk godt turår og håpar du lar deg inspirere av vårt turproram! 

Kanskje me sjåast på ein fjelltopp? 

Trykk på programmet under for å opna det:

Skrevet av Siri Flatlandsmo 2. januar 2020