Tilrår å ikkje nytta DNT-hyttene no

Kvisting over Gråsida, med avstikkar til Nansenbu.
Kvisting over Gråsida, med avstikkar til Nansenbu. Foto: Geir Henrik Styve

På grunn av koronapandemien, kan ikkje Voss Utferdslag tilrå å nytta hyttene våre.

Voss Utferdslag følgjer med dette retningslinene til både DNT sentralt og NHI. Det er no ikkje mogleg å førehandsbooke overnatting dei neste vekene.

På Nansenbu er det i tillegg er berre ein kvart gasstank og to vedsekkar att. Her krevst det mykje graving for å komma seg inn. Røde Kors var innom hytta då dei kvista over Gråsida på fredag 13. mars, men hytta kan ha forsvunne att etter nedbør sundag. Ein kan no sjå på Nansenbu som stengt.

Dei andre hyttene er ikkje fysisk stengde, av omsyn til tryggleiken til dei som ferdast i fjellet. Voss Utferdslag tilrår likevel ingen å nytta hyttene framover.

Les òg:


Skrevet av Siri Flatlandsmo 16. mars 2020