Ti tips til aktvitetar i Korona-tider

Ilsengstien, Ilseng, Hamar og Hedemarken Turistforening, Norges beste turrute 2019.
Ilsengstien, Ilseng, Hamar og Hedemarken Turistforening, Norges beste turrute 2019. Foto: Line Hårklau

Det er ikkje godt å vite kva ein skal finne på no. DNT hjelper deg på veg.

Eitt tips er å sjå over turutstyret ditt og fikse det som er øydelagt.

– Når fekk til dømes fjellskoa dine litt kjærleik og impregnering? Fjellsko er av det viktigaste friluftsutstyret di har. Tek du godt vare på det, held det seg mykje lengre, minnar turistforeningen om på dnt.no.

Organisasjonen tipsar om å ringe venner og familie, ete middag ute, og leite etter vårteikn ute. No har du også moglegheita til å finne fram kartet og testa ut for deg ukjende stiar som går på kryss og tvers der du bur. Etter at Voss Utferdslaget og resten av DNT-foreningane avlyste all aktivitet fram til 1. mai, tilrår me nærturar i staden for meir risikofylte langturar. Hyttene våre er fysisk opne, men me tilrår ikkje å nytte seg av dei no. 

Men du treng kanskje ei oppfrisking i kompasskunnskapane? (Sjå video under)

Me ynskjer deg uansett ei god tid framover.

Les alle tipsa frå DNT her.

Skrevet av Siri Flatlandsmo 18. mars 2020