Mildt påskevêr i vente

Påsken 2015 tok byhunden Einar the Frenchie turen til fjells for vise andre byhunder og - folk hvordan man enkelt kan forberede seg på en påske i fjellet.
Påsken 2015 tok byhunden Einar the Frenchie turen til fjells for vise andre byhunder og - folk hvordan man enkelt kan forberede seg på en påske i fjellet. Foto: Sindre Thoresen Lønnes

Med temperaturar på rundt fem grader, for det meste opphaldsvêr og sol, er det håp om ein flott utepåske – også i år!

Påsken i år er verkeleg ein annleis-påske. Færre menneske og meir fritid er stikkord for mange. Men fortvil ikkje! Her er ti gode tips til kva ein kan gjere i desse Korona-tider.

Alle DNT sine hytter er no stengde, for alt anna enn naudsfall. Me har også avlyst all aktivtet fram til 1. mai. Men sola kikkar i alle fall fram, og temperaturane innbyr til flotte nærturar innafor eigne heradsgrenser. Me er heldige som bur i eit område med så flott natur! Her er Bergen- og Hordaland turlag sine triks som gjev glade born på tur.

Slik er vêrmeldinga for Voss dei neste dagane.
Slik er vêrmeldinga for Voss dei neste dagane. Foto: Skjermdump/yr.no

Les gjerne DNT sine 10 gode tips til påskestemning. Men til og med om du ikkje skal utanfor stovedøra denne påsken: DNT har gratis, digitale friluftskurs. Her kan du lære å lage mat på primus, og å bruke kart og kompass.

Kos deg! Hugs å følgje koronavettreglane til friluftslivet.

God påske!


Les òg:

Skrevet av Siri Flatlandsmo 8. april 2020