Rosethytta lukkar dørene

Rosethytta, sommaren 2016
Rosethytta, sommaren 2016 Foto: Kristoffer Riemer

Vinteren er på veg og sesongen på Rosethytta er over for denne gong.

Det har vore eit spesielt år på Rosethytta, då besøkjande har måtta tinga heile hytta i staden for enkeltsenger. Grunnen til dette er - som så mykje anna om dagen - smittevern. Opplegget ser ut til å ha vore ein suksess!

Rosethytta er eigd av Voss IL. Les meir om hytta her.

No gler me oss til neste år! Hytta opnar att 15. mai.



Skrevet av Siri Flatlandsmo 27. oktober 2020