Tinging av heile hytter forlenga

Kaldavass, Voss Utferdslag.
Kaldavass, Voss Utferdslag. Foto: Andre Marton Pedersen, André Marton Pedersen

No kan de ha DNT-hyttene for dykk sjølve heilt fram til 2. mai!

Sidan før jol har alle som nytter Voss Utferdslag sine hytter måtta tinga heile hyttene. Dette vel me å fortsetje med ei stund til, av omsyn til smittvern.

Sikringshyttene opnar

Nytt no er at du kan tinga både hovudhytte og sikingshytte. Då kan fleire få moglegheit til å bruke hyttene våre, samstundes som me ivaretek smitternet. 

Her kan du sjå ei ovesikt over hyttene til Voss Utferdslag. Trykk på hytta du vil bu på for å komme til UT.no og bookingsida.

Rimelegare for medlemmar

No vil det løne seg å bli DNT-medlem. Som medlem kostar det 1200,- for éi heil hytte, mot 2000,- om du ikkje er medlem. Trykk her for å lese meir om medlemskap og  bli medlem. For mange familiar vil dette bli rimelegare enn dei vanlege prisane på hyttene til DNT.

Generalsekretær i DNT, Dag Terje Klarp Solvang, oppmodar alle om å bli på den same hytta i fleire dagar i staden for å gå frå hytte til hytte.

– Då får de mindre reisetid, færre transportetappar og me hindrar potensiell smittespreiing. Og de får meir tid til naturopplevinga, kvilepuls og flotte opplevingar på dagstur ut frå éin stad, seier Solvang.

PS: I påsken kjem det til å bli rift om hyttene, så me anbefalar at de tingar i god tid.


Skrevet av Siri Flatlandsmo 18. februar 2021