Avlyser turar med felles transport

Jubileumstur frå Rong til Lussand, 21. juni 2020.
Jubileumstur frå Rong til Lussand, 21. juni 2020. Foto: Geir Henrik Styve

Dette gjeld både turar som er planlagde med kollektiv transport og med samkøyring.

I april har me vore nøydde til å avlyse ein sundagstur med Fjellsport og ein sundagstur Espeland - Voll på grunn av kollektiv transport. Fleire andre turar har blitt avlyst fordi det var naudsynt med samkøyring.

Men - på sundag blir det tur! 2. mai skulle turen gått frå Vikafjellet til Bavallen. I staden blir det ein rundtur på Vikafjellet, med oppmøte på parkeringsplassen Skjeringen. Arvid Rykke og Jean-Christophe Scouarnec er turleiarar. Velkomen til fjells!

Me skal prøve å arrangere så mange av dei planlagde sundagsturane som råd, men det kan bli endringar i programmet. Onsdagsturane håpar me vil gå som normalt, men med oppmøte ved turstart, for å unngå at fleire samlast i samme bilar. 

Voss Utferdslag kjem attende med meir informasjon når me veit meir.

God veke i vente - nyt finvêret!

Skrevet av Siri Flatlandsmo 26. april 2021