Kven synst du me bør heidre?

Frivillig Matteo hoppar i sjøen i Osa etter fullført kajakkurs med Voss Utferdslag.
Frivillig Matteo hoppar i sjøen i Osa etter fullført kajakkurs med Voss Utferdslag. Foto: Siri Flatlandsmo

Kjenner du nokon frivillige som har gjort ein god innsats for laget over lengre tid? Gje oss ein lyd!

Personar som har gjort ei særskild stor innsats for Voss Utferdslag kan av styret utnemnast til Æresmedlem eller tildelast Gullknappen.  Dette skal kunngjerast på neste årsmøte.

Her er retningslinene for tildeling av slike heidersteikn i laget:

Æresmedlem i Voss Utferdslag

Æresmedlemskap er Voss Utferdslag si høgste utmerking.

Æresmedlemskap går til den som:

  • har hatt tillitsverv i laget i 25 år eller meir.
  • andre medlemmer som i 25 år eller meir har utmerka seg gjennom dugnad og frivillig arbeid for laget

Æresmedlem vert tildelt livsvarig, fritt medlemskap og eit merke med Voss Utferdslag sin logo i sølv med gullforgylt krans.

Æresmedlemskap gir og rettar i høve gjeldande Retningsliner for påskjøning for frivillig arbeid.

Gullknappen Voss Utferdslag

Gullknappen går til den som har utmerka seg gjennom stor arbeidsinnsats til beste for laget. Gullknappen er eit mindre merke med Voss Utferdslag sin logo i sølv med gullforgylt krans. Heidersteiknet gir og rettar i høve gjeldande Retningsliner for påskjøning for frivillig arbeid.

Framlegg til kandidatar

Framlegg til kandidat for begge kategoriar heidersteikn skal stilast til styret. Det bør vere full semje i styret om kandidatar som får tildelt heidersteikn. Normalt vert kandidatar vurdert anna kvart år. Tilsette og styremedlemer er normalt ikkje kandidatar.


Forslag? Send ein e-post til Voss Utferdslag på voss.utferdslag@dnt.no.

Tusen takk!


Skrevet av Siri Flatlandsmo 18. juni 2021