Ny sikringshytte er under oppføring

Bygging av sikringsbu på Tvinnestølen, juni 2021
Bygging av sikringsbu på Tvinnestølen, juni 2021 Foto: Arvid Rykke

I slutten av juni drog byggmester og snikkarar til Tvinnestølen for å setta opp den nye sikringshytta.

Dei neste månadane er gamlehytta på Tvinnestølen stengd på grunn av areidet. Målet er å opna begge opp att i haust.

Helikopter og snikkararbeid

Tidlegare har ein god dugnadsgjeng rydda og gravd ut tomta for hand og arbeidskarane til byggmeister Bjørn Vike har støypt fundament.

Så langt har det vore 40 hiv med helikopter for å få material og ustyr for støyping opp. Mykje av materialane er ferdig kappa og det kjem til å gå fort med bygginga.

Hytta blir gjort ferdig utvendig på eit par veker, bortsett frå glassa, som ikkje blir leverte før i august. Dette arbeidet er det byggmeisteren og snikkarar som gjer.

Meir dugnad på planen

Når snikkarane er ferdige med det arbeidet dei kan gjera no har me tilgang til hytta skal begge hyttene malast. Dugnadsgjengen skal også planere utgravde massar og grava grøft til avløpet frå doen og vaskane.

Tusen takk for godt arbeid så langt!