Kvardagen er her!

Ei helg i Jotunheimen, august 2021.
Ei helg i Jotunheimen, august 2021. Foto: Knut Åkredalen

Noreg har opna, og hyttene har full kapasitet att. No er fjellet ope for deg!

Etter lang tid med koronarestriksjonar, er me klare for kvardag att både på hytter og fellesturar.

Full fres på hyttene

Fram til no har det vore halv kapasitet på hyttene, i tillegg til at alle har måtta tinge plass på førehand. I praksis betyr opninga at hyttene no er opne for både drop-in og dagsbesøk! Dette gler oss stort. På dei fleste hyttene vil det framleis vere mogleg å tinge plass på førehand, for dei som ynskjer dette.

Bli med oss på tur

Smittevernet lettar også planlegginga av fellesturar. På turane framover treng du ikkje lenger melde deg på på førehand, med mindre det er ein tur med busstransport.

Men likevel: Hugs å bli heime om du er sjuk.


God turhaust!

Skrevet av Siri Flatlandsmo 28. september 2021