Gje ein tur over Gråsida i jolegåve

Timaglaset, Gråsida. Vossamarsjen 21. august 2021.
Timaglaset, Gråsida. Vossamarsjen 21. august 2021. Foto: Oddvar Drevsjø

Manglar du ei jolegåve eller to? Fortvil ikkje, me har løysinga!

Kvart år arrangerer me ein turmarsj over Gråsida, Vossamarsjen (les meir om Vossamarsjen her). Har du lyst at ein god venn eller familiemedlem skal få oppleve dette magiske fjellplatået 20. august? Det fiksar me!

Pris for deltaking:
Er du medlem i DNT? 250 kr
Ikkje medlem (ennå): 370 kr


Slik gjer du for å kjøpe deltakarpass i gåve: 

  1. Finn Voss Utferdslag på Vipps #104084 
  2. Legg inn riktig beløp 
  3. Skriv namnet på personen gåva er til og e-postadressa di  
  4. Takk, no er personen påmeldt! Me sender deg påmeldingsbevis på e-post 
  5. Skriv ut beviset, pakk det inn og legg det under treet
  6. God tur!


PS: Du kan også gje vekk medlemskap i Voss Utferdslag/DNT til jol. Les meir om gåvemedlemskap her.

Skrevet av Siri Flatlandsmo 21. desember 2021