Gira på påsketur?

Tvinnestølen, mas 2022
Foto: Arvid Rykke
Om du ikkje sett hytta på Tvinnestølen ennå, kan no vere eit bra tidspunkt!
I fjor bygde Voss Utferdslag ei splitter ny hytte på Tvinnestølen. Frå før finst det eit sjarmerande gammalt sel her, så no er det sengeplass til 17, pluss madrassar!
I påsken er det meld fleire fine dagar, så no har du sjansen. Den enklaste vegen å gå er frå Afdal. Då følger du omtrent samme trasé som sommarruta frå Afdal.
Tvinnestølen ligg i området mellom Voss og Eksingedalen. Hytta er ulåst, så her er du alltid velkommen!