Bli med på ekstremstølsveko og fjellyoga under Veko

Bli med oss på fjellyoga under Ekstremsportveko!
Bli med oss på fjellyoga under Ekstremsportveko!

I samarbeid med Ekstremsportveko tek DNT Fjellsport Voss deg med på fjellturar - med ei yogaøkt på toppen! Me arrangerer òg ekstremstølsveko frå fredag 24. juni - fredag 1. juli. 

Fjelltur til Røde kors - hytta og yoga: Onsdag 29. juni
Me møter yogainstruktør Ruth Helene Garman ved parkeringsplassen på Raugstad kl. 17.00 og går mot Hangurstoppen. Ein stad mellom Hangurstoppen og Raude Kors - hytta,  rullar me ut mattene og har ei fin yogaøkt utandørs. Etterpå tek me eit kveldsbad ved Valbergstjørni, før me spaserer ned att til Raugstad. Hugs eiga matte, klede etter vêret, badeklede og handklede. 

Meld dykk på via Ekstremsportveko si heimeside

Fjelltur til Kolingseggi og yoga: Laurdag 2. juli 
Me møter yogainstruktør Ruth Helene Garman ved parkeringsplassen på Liaset laurdag 2. juli kl.10.00 og går til Kolingseggi. I nærleiken av Kolingseggi rullar me ut mattene og har ei fin yogaøkt utandørs. Etterpå tek me eit føremiddagsbad før me går ned att til Liaset. Hugs eiga matte, klede etter vêret, badeklede og handklede. 

​​​​​​​Meld dykk på via Ekstremsportveko si heimeside

Ekstremstølsveko: 24. juni - 1. juli
Fredag 24. juni går startsskotet for Ekstremstølsveko, der det er om å gjere å gå flest stølsturar på éi veke.

For å bli med på Ekstremstølsveko treng du stølsturheftet. Om du ikkje alt har skaffa deg dette kostar det 100 kr. Informasjon om kvar du kan kjøpa heftet finn du her. 

Slik fungerer Ekstremstølsveko:

  1. Hent deltakarkortet hjå Turistinformasjonen f.o.m fredag 24. juni. Du kan òg henta ut deltakarkortet i Veko sin aktivitetsstand f.o.m. sundag 26. juni. Tidspunktet du hentar ut kortet blir rekna som starttida di. 
  2. Vel din første tur og spring til fjells!
  3. På toppen finn du stølsturkassa og klypper i kortet
  4. Gjenta på så mange turar du rekk i løpet av Ekstremsportveko.
  5. Skiv namn og tidspunkt du blei ferdig med alle (om du blei det) og lever kortet i Ekstremsportveko sin aktivitetsstand innan fredag 1. juli kl. 16.00. 

Dei raskaste får premiar. Me annonserer hovudvinnaren på Veko sin premieseremoni fredag kveld (1. juli). 

Del gjerne bilder på Insta med taggen #vossutferdslag og/eller #ekstremstølsveka!

Bli med på Ekstremstølsveko!
Bli med på Ekstremstølsveko!

Skrevet av Margrethe Alm 22. juni 2022