Stølsturane 2017

Stølsturbrosjyra er i salg hjå:

​​​​​​​

  • ​​​​​​​Endeve Sport 

  • Sport 1 Myrkdalen ( her er Kveldsopent )

  • MX Sport, Vangsgata.

  • Skandinavisk Høgfjellsutstyr, Bergsliplass.

  • Sport 1, Amfi.

  • Voss Turistinformasjon, Skulegata.

  • Vitusapotek , Vangsgata.

  • Jokerbutikkane på  Vinje og Opheim.


Pris kr 100,- pr stk. Familie (på samme adresse) kr 300,- for inntil 5 brosjyrer.

Stølsturane er ein flott familieaktivitet, eller ein anledning til ein tur i ro og mak for seg sjølv. For bedrifter eit HMS tiltak, eller eit trivselstiltak for tilsette. 

Foto: Voss Utferdslag

I år som tidlegare år vil Utferdslaget invitera store og små til korte og litt lengre turar der ein kan gå på eiga hand eller saman med andre, men utan turleiar.  For verksemder kan turane  vera eit sosialt  mosjonstiltak.  Voss Utferdslag har plukka ut 15 nye stølar fordelt kringom i vossebygda som turmål. Fleire av stølane kan nåast på ei ettermiddagsstund,  andre som ein dagstur, og kan kombinerast med ein topptur om ein ynskjer det. 

Frå 1. juni er det hengt opp postkasser med namnebøker og klippetenger. I fjor vart til saman meir enn ni tusen namn innskrivne i namnebøkene på dei ulike stølane, mange namn gjekk rettnok  igjen.  Stølsturbrosjyra  vart for mange ei god hjelp til  å finna nye turmål og oppdaga naturperlene som vossastølane er. For andre var turomtalane rett og slett ei hjelp til å komma seg ut i naturen. 


God tur!


Skrevet av Toril Hunnålvatn 19. november 2014