Full fart på aketur

Aketur med Klart det går til Grebbesbakken, 4. mars 2020
Aketur med Klart det går til Grebbesbakken, 4. mars 2020 Foto: Siri Flatlandsmo

Kring 25 store og små blei med på aketur med Klart det går.

Onsdag ettermiddag, 4. mars, møttest me i Grebbesbakken i Bavallen. Voss Resort haldt skibandet i gang, og dei små kosa seg på både akebrett og ski. Voss Utferdslag serverte varm saft, kaffi og (bokstaveleg tala) brennande heit popcorn. 

Tusen takk til alle som møtte opp. Me håpar de kosa dykk!

Klart det går - Friluftsliv for alle