Løkjane - Håset - Langeset

Løkjane - Håset - Langeset. Seniortur, onsdag 14. oktober 2020.
Løkjane - Håset - Langeset. Seniortur, onsdag 14. oktober 2020. Foto: Bjarne Fosse

22 personar var møtt opp i skodda og kuldegrad på Vangen, klare for ein tur på fjellet. 

Tekst: Bjarne Fosse
Foto: Geir Henrik Styve/Bjarne Fosse

Når bilane parkerte på Helgaset var me over skodda, men granskogen stoppa sola, iflg.  stølsboka til Johannes Gjerdåker har Kvitlar Åttung største granskogkledde utmark i Voss, men frå Løkjane var me over granskogen og sola fylde oss heile dagen.

Turen gjekk på sti til stølane: Løkjane - Håset - Langeset - Gulset.  Frå Vardafjellet var det god utsikt mot Bjørgumgrenda og austfjella i heradet dominert av Raundalsryggen med fjellrekka; Horndalsnuten - Skipadalsnuten - Seldalsnuten - Olsskavlen.  At nokon av damona hopte i Langesetvatnet den 14.10. måtte komma av den fine sola for temperaturen i vatnet frista ikkje folk flest.

Me fekk servert ein skyfri og vindstille haustdag i fjellet og nytta den i eit område som var nytt for fleire med gode tilbakemeldingar, det var og sesongavalutning for Seniorgruppa som har skipa til eit 30-talls turar dette året og på vegne av alle turleiarane takkar me for mange gode opplevingar saman !

Turleiarar:
Bjarne Fosse og Anna Opeland Istad

Skrevet av Siri Flatlandsmo 14. oktober 2020