Sundagstur til Fjosestølen

Skitur til Ospehaugen - Remlo - Fjosestølen, 31. januar 2021. Sundagstur.
Skitur til Ospehaugen - Remlo - Fjosestølen, 31. januar 2021. Sundagstur. Foto: Anne-Grete Haugen

På årets andre sundagstur fekk deltakarane bryna seg på mykje laussnø og utfordrande skikøyring.

20 turdeltakarar og 2 turleiarar var klare for tur i Ospehaugen kl. 10.30 Me køyrde privatbilar. Temperaturen var rundt 4 kuldegrader, det var vindstille og det var silkeføre. Me gjekk langs stølsvegen til Fyrjo og tok av til venstre i vegdelet rett etter brua innanfor Furteset. Vidare gjekk me forbi Gudmundset og vidare gjennom granskogen til eit nytt vegdele der me gjekk mot venstre mot Remlo ( ca. 760 moh).

På Remlo tok me ein god matpause før me gjekk vidare i relativt slak stigning vidare oppover mot Remlaskaret. Godt at me hadde gått løypa opp på førehand så me slapp å brøyte. Ned skaret hadde me ein litt utfordrande utforkøyring (litt bratt) mot Fjosestølen. Men heldigvis var det mykje laus snø å dette i, og gode hjelparar som kunne få oss på beina etter fall. Alle kom like heile ned til Fjosestølen og vidare derifrå var det fin utforkøyring på stølsveg tilbake til Ospehaugen. Me var tilbake på Vangen ca. kl.15. Mange nøgde turgåarar.

Helsing tuleiarane,
Lars og Anne-Grete Haugen

Skrevet av Siri Flatlandsmo 31. januar 2021