Kvitanosi

Kvitanosi, 6. februar.
Kvitanosi, 6. februar. Foto: Toril Haga Sekse

Laurdagsmorgon var vi 9 stk som møttest på Vangen i 21 kuldegrader. Brrrr.

Heldigvis var det «berre» -12 då vi ankom Gullbrå. Det var meldt mykje vind den dagen, opp til 11 m/s på toppen av Kvitanosi, men så mykje vind vart det aldri. Faktisk gjekk vi omtrent like mykje i le som i vind. Vi gjekk i jamnt og godt tempo til toppen. Litt nedanfor toppunktet fann vi ein lun og fin plass der vi åt nista vår, og så var det berre å sette utfor i det nydelege pudderføret. Dvs, pudder på toppen, knekkebrød-føre lenger nede, og så pudder og hardt om ein annan. Alt i alt vart dette ein flott tur på ein flott dag. Tilbakemeldingane var at det var kjekt med ein lågterskel randonee-tur. Ikkje verst at så mange møtte på så kort varsel på denne pop up-turen. Kanskje det blir fleire slike turar??​​​​​​​

Tekst: Bodil Atterås
Foto: Toril Haga Sekse

Skrevet av Siri Flatlandsmo 6. februar 2021