Øvstedalen - Nesheimsfjellet

Øvstedalen - Nesheimsfjellet, september 2021.
Øvstedalen - Nesheimsfjellet, september 2021. Foto: Richard Jacobsen

Etter ein turr sommar kom det endeleg litt regn i fjella kring Øvstedalen.

12. september var det vatn i elvar og grøver, og fossane var kvite og fine. 11 personar var med på turen over fjella og me møtte ikkje eit einaste menneske. Det var berre to sauer i Kringsdalen som ikkje ville heim att ennu. Turleiar Asle Nesheim var nesten på heimebane og kunne fortelja mykje om stølar, vatn og fjell undervegs. Me passerte ei markert dyregrav i byrjinga av Byvatndalen.

Turen gjekk utan uhell i flott turver. Dette var eit turterreng dei færraste ville funne fram i utan turleiar. Alle var vel nøgde etter fin gjennomført tur.

Helsing turleiarane
Olav Sognnæs og Asle Nesheim

Skrevet av Siri Flatlandsmo 12. september 2021