Onsdagstur Reime - Vatnaset

Reime - Vatnaset, 8. september 2021
Reime - Vatnaset, 8. september 2021 Foto: Richard Jacobsen

17 spreke seniorar møtte opp til tur med regntøy i sekken for sikkerhets skuld.

Me har vel nesten gløymt kva det skal brukast til etter denne ekstremt tørre sommaren! Me køyrde i samla flokk til Reime og vandra i veg i bra turvær. På Brekkestølen var det godt med ein liten pust i bakken og ein matbit for dei som trong det. Skodde og yr skjulte den flotte utsikten me skulle sjå, men fine høstfarger gjennom lett skodde gir vakker nærutsikt. Etter Brekkestølen forlot me T-merka løype og Oddvar leia flokken trygt til Vatnaset der me hadde ein god matpause. Vidare fylgde me stien om Hovdane gjennom fint, skogsterreng tilbake til bilane. Regntøy av og på og av igjen, da me køyrde heim titta sola fram!

Takk til alle for trivelig turfylgje.

Helsing turleiarane v/Tove R Jacobsen

Skrevet av Siri Flatlandsmo 8. september 2021