Seniortur til Rapp og Njuken

Onsdag 20. juli fekk seniorgruppa ein fin stølsklyppetur til Rapp og Njuken.
Onsdag 20. juli fekk seniorgruppa ein fin stølsklyppetur til Rapp og Njuken. Foto: Geir Henrik Styve

Det vart ein flott stølsklyppetur til Rapp og Njuken onsdag 20. juli!

Me var 11 som starta i frå Nesheimsfjellet (Vinningsleitet).Me gjekk opp til Rapp, og her møtte me to til, så me vart 13 totalt som gjekk turen. Ved Rapp vart det klypping ved kassa, før me gjekk vidare til Njuken. Ved Njuken hadde me ein god pause for å nyta den flotte utsikta, samt litt påfyll av energi. 

Då me gjekk attende til Rapp byrja det å regna, og slik vart det på resten av turen på vegen ned til bilane. Alle var einige om at det var ein fantastisk tur.

Turleiar var Oddvar Drevsjø.

Skrevet av Margrethe Alm 25. juli 2022