Fjellet ventar på deg

Planlegg du haustferie? Eller har du ein etterlengta dag og to til fri dispensasjon? Me kan med handa på hjarta tilrå ein tur til fjells. Bort frå støy og telefonsignal, til ro og tid for deg sjølv.

Rundt oss ligg fleire hytter til bruk, og mange av dei har gode fiskevatn. Hugs å kjøpe fiskekort på Inatur.no før du reiser.