Hyttereglar

Foto: Richard Jacobsen

1. Planlegging

Planlegginga er ein viktig del av turen. No er du allereie på våre nettsider, noko som er ein veldig god start! Gå inn på UT.no og finn eit turområde, turforslag og hytter som fristar. Skaff deg kart over området og DNT-nøkkel dersom det er naudsynt. Pakk sekken og legg i veg!

Foto: DNT

2. Nøkkel

Voss Utferdslag  har ikkje låste hytter. I området tilslutta våre hytter er det andre lag som har låste hytter så det kan være greitt å sjekke dette ut før ein byrjar turen. Voss Utferdslag har DNT nøklar for utlån i Voss turistinformasjon, Skulegata 14 -5700 Voss. Det kan være ein god regel å alltid ha med seg denne nøkkelen i sekken når du skal på tur. Medlemmer kan låne nøkkelen mot eit depositum på 100 kroner.

3. Fyring 

Etter at du har kome deg vel inn på hytta, er det tid for å fyre i ovnen. Legg to små kløyvde vedskier på kvar side i ovnen med den kløyvde sida inn. Fyll hulrommet med papir, never og anna lett brennbart. Legg småved på kryss og tvers over og avslutt med ein større kubbe på toppen. Du har garantert fyr på første forsøk!

Foto: DNT

6. Lys

Nokre hytter har innlagt vanlig straum eller solcellestraum. På dei aller fleste hytter er det imidlertid stearinlys eller parafinlamper som gjeld. Hugs å sjekke at lysa står godt i lysestaken, Og at alle stearinlys er sløkt når du forlet rommet. Pass også på at du ikkje søler lampeolje når du etterfyller parafinlampen.

Foto: DNT

8. Vann

På hytta finner du oppslag om korhvor næraste vasskilde er. Vinterstid må ein ofte smelte snø. Gjer dette gjerne på ovnen, slik at gassen vert spart til matlagingen.

10. Middag

Middag er ofte kveldens høgdepunkt uansett om ein etmedbrakt hjortebiff eller pannekaker frå matlageret. Husk å ta deg god tid til måltidet. Og ein sjokoladebit etterpå.

Foto: DNT

12. Do

Det er utedo som gjeld på DNT-hyttene. Her finner du ofte både bilde av kongefamilien og noko lesestoff. Hugs å bruke torv- eller barksekken til å strø over det du har etterlatt deg.

Foto: DNT

14. Vask

Både bestikk, tallerkenar, benkeflater og golv må vaskes før du forlet hytta. Forlat hytta i litt bedre stand enn då du kom.

Foto: DNT

5. Protokoll

Mens hytta blir varm kan du skrive deg inn i protokollen med navn, medlemsnummer og litt anna informasjon. Etter at du har gjort dette har du rett på sengeplass. Alle som treng overnatting skal få ei seng eller madrass. 

7. Matlager

Alle sjølvbetjente hytter har matlager. Her kan du hente ut alt du treng, td knekkebrød, havregryn, posesupper og hermetikk. Du betaler for maten samtidig som du betaler for opphaldet. Ingen ubetjente hytter har matlager, så hit må du ta med all mat sjølv.

Foto: DNT

9. Matlaging

Propanapparat for matlaging er standard på hyttene. Før du kan tenne på, må du vippe denne bryteren til «åpen» posisjon. Hugs å vippe den tilbake når du er ferdig med å lage mat.

Foto: DNT

11. Soving

Ingen ting er som å krype til køys etter en lang dag i fjellet. Hugs å ta med deg enten lakenpose eller ein liten sovepose på hytteturen. Vis respekt for dei som ynskjer å legge seg tidlig. Så viser dei forhåpentlegvis respekt for den som vil sove lenge neste morgon. Hodelykt er eit godt tips hvis du vil lese på senga.

Foto: DNT

13. Betaling

Du betaler med betalingsfullmakt eller kontanter som puttes i ein avlåst kasse på hytta. Med betalingsfullmakta kan du enten betale med eller kredittkort. Hvis du ikkje ynskjer å nytte kredittkort, kan du velge å få tilsendt ein faktura. 

Foto: DNT