Velkomen som medlem i DNT
Kvifor skal eg bli medlem?
Som medlem i Voss Utferdslag (VU) får du automatisk medlemskap i Den Norske Turistforening (DNT) og gode rabattar på losji på våre over 560 hytter og fjellstover over heile Noreg. Du får også medlemspris på alle turar og kurs i regi av VU og DNT. Medlemskapet følgjer kalenderåret.
Kva for type medlemskap passar best for meg?
Medlemskapet følgjer kalenderåret. Me har ulike typar medlemskap. Dei fleste er aldersbestemte. For familiar med flerie barn kan også familiemedlemskap lønne seg! Treng du ein dåpsgave kan du også vurdere dette. Her kan du lese mer om de forskjellige typer medlemskap.
Er familiemedlemskap noko for deg og din familie?
Er de fleire enn tre, kan familiemedlemskap lønne seg.
Familiemedlemskap gjeld heile familien med born og ungdom opp til 26 år.
Er ikkje alle i familien medlemmar alt, kan de bli medlem no, utan at det blir dyrare.
Medlemsfordelar
- Du får tilgang til over 560 hytter over heile Noreg.
- Du får rabatt på turar og kurs
- Ungdommar overnattar til halv pris.
- Medlemsbladet Sti og Varde med turprogram 4 gonger i året og DNT's medlemsblad Fjell og Vidde 5 gonger i året.
- Medlemmer i Borna sitt turlag får Turboposten 2 gonger i året.
- Medlemmer i Borna sitt turlag overnattar gratis.
- Gode rabattar på Gjensidige forsikring.
- Tilgang til DNT-nøkkel.
Sjå fleire medlemsfordelar her.
I tillegg til dine medlemsfordelar, er du som medlem med på å støtte arbeidet vårt med naturvern og med å drifte hyttene og rutene våre. Me håpar du er med oss som medlem og støttar opp om Utferdslaget.
Klikk her for å skrive tekst.